Lokaloppgjeret mellom Åmdal og Vartdal laurdag hadde stor betydning for begge lag. Åmdal ville med siger ta eit steg vekk frå nedrykkskampen med ei serierunde att, medan Vartdal håpte å snike seg forbi Sykkylven i opprykkskampen. Gjestene opna kampen best, og etter fire minutt fekk dei eit mål annullert for offside. Vartdal kom til mange innlegg i løpet av førsteomgang, men i opninga klarte dei ikkje å skape dei store sjansane. Utover i omgangen kom Åmdal meir med i kampen. Etter 26 minutt var Simon Gjøen gjennom etter eit utspel frå Håvard Aasen, men avslutninga gjekk utanfor. To minutt seinare var Kai Robin Myklebust aleine gjennom, men Vartdal-målvakt Thomas Gjerde var tidleg ute og fekk stoppa Myklebust. Då det var spelt ein halvtime slo Frank Ristesund inn frå venstresida. Ballen gjekk via Frank Gjerde og i ein Åmdal-spelar før den trilla over streken, og 1–0 til Vartdal. To minutt seinare vart Gjøen takla i feltet, og straffe til heimelaget. Spelande trenar Svein Erik Grevsnes tok straffesparket, men Gjerde redda. I det neste angrepet var Rolf-Audun Vartdal i duell med Aasen, og dobla leiinga. Åmdal-målvakta og medspelarane meinte at det skulle vere frispark i heimelaget, men dommaren godkjende målet. Eitt minutt før pause var Adrian Hoff nære redusering for vertane, men laga gjekk til pause med 2-0-leiing til Vartdal.

Johnsen med 3–0

I andreomgang tok det fire minutt før det vart nettsus. Dan Andrè Johnsen sette inn Vartdal sitt tredje mål for dagen. Etter skåringa var Åmdal det beste laget på Legene. Dei skapte ein del sjansar, men det resulterte ikkje i mål. Midtvegs i omgangen fekk målvakt Aasen eit kne i bakhovudet, og vart sendt til legevakt med ambulanse. På tampen av kampen var Vartdal nære ved å sette inn 4-0, men lukkast ikkje. Likevel kunne dei juble for tre poeng etter 3-0-sigeren.

– Svir og rotar vekk store sjansar

Åmdal-trenar Grevsnes følte at heimelaget fekk dårleg betalt i lokaloppgjeret, men at dei skal gjere jobben heime mot Vigra i siste seriekamp.

– Eg tykkjer at Vartdal fekk godt betalt etter førsteomgang. Å bomme på straffespark er ein ting, og så får vi 2–0 imot rett etterpå. Vi har sjansar som er minst like store som straffesparket, som vi svir og rotar vekk. Så det er surt, seier Grevsnes.

– Flatterande resultat

Vartdal-trenar Kenneth Nydahl var glad for tre nye poeng, men understrekar at resultatet viser heile bilete.

– Ut frå spel og sjansar er 3–0 flatterande. Eg tykkjer at vi gjer ein frykteleg rotete kamp sjølv. Vi opnar som vi skulle, og har full kontroll det første kvarteret. Så byrjar vi å gje Åmdal moglegheitene med tversoverpasningar i eiga sone, og mykje enkle feil. Det dukka opp sjansar ut av ingenting. Vi har 2–0 etter førsteomgang, og kunne like gjerne vore 2–2 eller 3–2 til Åmdal. Så det vart eit klassisk lokaloppgjer med mykje innsats og lite spel.