Heimelaget mønstra eit sterkt lag med fleire spelarar frå 1.divisjonsstallen.

Ungjenta Auria Ann Ose opna med to fine skåringar, men Midsund utlikna til 2-2. Ti minutt ut i omgangen festa Volda grepet og seig sakte i frå. Dei fekk sett eit godt forsvar og framover fekk vi sjå mange flotte avslutningar . Ved pause sto det 16-7 til Volda.

Utover i andre omgang sank kvaliteten på heimelaget sitt spel fleire hakk og Midsund var fullt på høgde med Volda. Siste ti minutta av kampen vann faktisk romsdlaslaget 7-2. Sigeren var likevel aldri truga og Volda kunne gå av bana med femmålssiger.

Tøft kampprogram

Ein god 1.omgang sikra sigeren i ein kamp der prestasjonane svinga. Kjekt for heimepublikumet å sjå Line S.Hagen tilbake i Voldadrakta. Ho noterte seg for sju mål og med litt meir kamptrening blir ho nok ein viktig brikke i serieinnspurten i 1.divisjon. Best på Volda var Kristine H.Vike og Auria Ann Ose.

Volda fekk med denne sigeren eit pusterom bakover og ligg no seks poeng over nedrykksplass.

3.divisjonsdamene har eit tøft kampprogram framover. Komande helg er det heimekamp mot Træff. Deretter står fem bortekampar på rad for tur, før sesongen blir avslutta med lokaloppgjer mot Ålesund2 i Voldahallen.

Kampfakta

Volda2 – Midsund  28 – 23 (16 -7)

Voldahallen: 70 tilskodarar

Volda: Anita Gaarder, Guro Bakke Liaskar, Anette Berg 3, Maria Ulla 2 ,Kine Kvalsund 2,Kristine H.Vike 8, Rita Kristin Riise 1,Birte Urke ,Auria Ann Ose 5,Andrea Eikås ,Jenny Nilsen , Line S.Hagen 7 .

Best på Volda: Kristine Vike og Auria Ann Ose.

Toppskårar Midsund: Åse Karlsen 9

Utvisningar: Volda ingen , Misund 4 x 2mi + raudt kort.

Domarar: Roar Strandmann og Frode Strandmann