Hannah Marie Skjeret frå Ørsta IL friidrett tok søndag gull på 100 m på Oslo Sportslager Tyrvinglekene i klassen J18/19 med den gode tida 12,36 sekund i godkjent vind på -0,4. Dette er ny personleg rekord for Hannah Marie. Ho har trena målretta mot dette stemnet, og har saman med trenar Kari Lundestad Myrold peila inn årets første formtopp til denne helga. Løpet var godt gjennomført frå start til slutt.
Fredag tok Hannah Marie bronse på 200 m på same stemne. Hannah Marie sprang inn på den gode tida 25,37, vind +3,5, og viste også der at ho er i svært god form. Tida er berre fem hundredelar bak personleg rekord. Ho hadde ein god start og god fart i svingen, men heldt ikkje den gode farta heilt inn og meiner ho har meir å gå på.
Hannah Marie stadfesta at ho også i år er i landstoppen i sprint i klassen J18/19. Ho skal delta på fleire store stemne i sommar. Det vert spennande å følgje henne i tida framover.
Oslo Sportslager Tyrvinglekene er Norges desidert største friidrettsarrangement med meir enn 1700 utøvarar og 5000 individuelle startar.
Tekst: Olve Øyehaug