Og det vart den prikken over i-en som Toralv fortente, den nye aldersrekorden er no 41,69 sek. For Toralv sitt vedkomande vart det ny personleg rekord med nesten eitt sekund. Etter seks gullmedaljar under NCC-leikane i Stjørdal var det vanskeleg å tru at den allsidige guten hadde så mykje meir krefter, men det vart gull under KM i mangekamp berre to helgar seinare. Det samla resultatet på mangekampen var svært høgt. Eit gjennomsnitt på godt over 900 tyrvingpoeng er det få som kan vise til. KM-resultatet til Toralv i mangekamp er også kretsrekord for G13 med nesten 300 poeng. No kan Toralv vise til endå ei bragd, ny norsk aldersrekord.
Vellukka arrangement
KM i mangekamp var eit svært vellukka arrangement på Ørsta stadion. 30 aktive frå 10–70 år stilte til start. Den største gruppa stod arrangørklubben for, ein hadde nemleg utvida KM til klubbmeisterskap for 10-åringar og her stilte ni utøvarar til start. Det vart mange startar på stadion dei to dagane arrangementet varte, når alle må delta i fire til ti øvingar, er det vanskeleg å unngå. Og det var eit variert program dei ulike aldersgruppene skulle gjennom. I J12 vart det gull til Åshild Opsal og bronse til Andrine Hjellen Haugland. Dei måtte gjennom kule, lengde, 60m og 600m før dei kunne gå på sigerspallen og ta imot KM-medaljane.
I J14 vart det gull til Maria Tamires Birkeland og sølv til Annelin Elde Sætre. I tillegg til J12-øvingane måtte 14-åringane også meistre høgde og korthekk.
Tilreisande
Utfordringane aukar med alderen, for så å lette litt på trykket igjen. Dei eldste utøvarane konkurrerte nemleg i kule, diskos, lengde, 200m og 1500m.
Treningsstemne
Ein kan ikkje arrangere eit treningsstemne med berre ein 300m, og difor stod kast på programmet, liten ball, spyd, kule, slegge og diskos. Ørsta hadde ei stor gruppe aktive i sving. I tillegg til ørstingane hadde utøvarar både frå Sykkylven og Ålesund funne vegen til Ørsta. Med det flotte vêret var det ikkje rart at også dei som kom utanbygds frå kunne reise godt nøgde heim igjen, for det vart nemleg ikkje berre Toralv som sette personleg rekord denne dagen.
Omvendt 5-kamp
Etter treningsstemnet vart det litt moro i alvoret. Friidrettsgruppa arrangerte omvendt 5-kamp for dei eldste. Dette er ei konkurranse på litt andre premiss enn vanleg, og kven som blir best, ja, det vert nøye utrekna av kunnige foreldre.
Utøvarane konkurrerer i kule – likast mogleg kast med begge hender, rotasjonshopp, baklengs 60m, 100m på normert tid og spyd på blink. Så her vart det mange spennande duellar – Åse Øyehaug enda til slutt med den største mjølkesjokoladen i neven ein årviss premie. Sjølvsagt vart det ein liten smakebit til resten av gjengen også, og i tillegg kunne alle kose seg med bollar og kakao noko Eli Birkeland ordna på ein meisterleg måte.
Sesongavslutning
Dei yngste i friidrettsgruppa hadde sesongavslutning tysdag. Då møtte nær 100 barn opp på stadion for trening, premieutdeling, pølser og brus. Det er mange som har delteke på rekrutteringscupane friidrettsgruppa har arrangert denne sesongen.
Også på treningane har det vore eit yrande liv, og på ei av hausttreningane kunne ein telje over 80 barn i sving med ulike aktivitetar.#<\p>Det er ikkje alltid like lett å få drive med alt ein ynskjer, men med smidigheit frå alle partar er utruleg kva ein får til. No står ein månad med alternativ trening på programmet, og frå 1. november er det full førebuing framfor ein ny sesong for friidrettsgruppa til Ørsta IL.