Hareid på 9. plass i 4. divisjon låg berre to poeng bak Ørsta før møtet på kunstgrasbana i Ørsta fredag kveld. Med heimesiger ville Ørsta klatre opp på 6. plass, og unngå å hamne i problem om tre sunnmørslag skulle ta turen ned frå 3. divisjon.

Det vart ei nervøs opning frå begge lag, og ingen av laga spelte seg til store sjansar den første halvtimen av kampen. Mot tampen av omgangen klarte Ørsta å legge press på gjestene, og skapte fleire halvsjansar. Mats Øvrebotten var nærast skåring etter eit innlegg frå Tony Ristesund, men spissen nådde akkurat ikkje fram til ballen skilande. Dermed gjekk laga til pause på stillinga 0-0.

I 2. omgang tok heimelaget initiativet i kampen. Åtte minutt ut i omgangen vart Terje Rebbestad spelt gjennom midten. Avslutninga gjekk i målvakta og i mål, 1-0 til Ørsta. Tre minutt seinare kom Hareid til sin største sjansen i kampen, men avslutninga gjekk via ein Ørsta-spelar og trilla like utanfor stolpen til hjørnespark. Gjestene satsa meir offensivt, men Ørsta-forsvaret hadde ein god dag på jobb og hadde kontroll defensivt. Ørsta fekk og større rom å springe i, og utnytta dette rundt midtvegs i omgangen. Terje Rebbestad kom seg fri på venstresida og avslutta på mål. Ballen gjekk via målvakta, stoppa på streken og Magnus Liaskar hadde ein enkel jobb med å doble leiinga. Fem minutt seinare var Øvrebotten svært nær nettkjenning, men ballen gjekk like utanfor. Med ti minutt att av ordinær tid kom Rebbestad seg igjen fri på venstresida. Han fann Øvrebotten i feltet som sette inn Ørsta sitt tredje mål for kvelden. Heimelaget kom til fleire sjansar mot tampen av kampen utan at det vart teljande resultat. Heimelaget spelte ein god 2. omgang, og tok tre velfortente poeng.

Ørsta-trenar Kjell Einar Dagfinrud var godt nøgd med sigeren mot Hareid.

- Eg tykkjer at vi byrjar å vise kva vi er kapable til då det står 10-15 minutt av 1. omgang. Før det var det veldig nervøst, og folk tør ikkje å sleppe seg lause. Vi vart einige i pausen om at vi skulle prøve å la ballen gå enno litt fortare, og det var forhold til både med bana og regnet som kom. I 2. omgang var det i grunnen berre eitt lag på bana. Hareid hadde ein stor sjanse i 2. omgang, og det kunne fort ha vorte 1-1 der. Då hadde det truleg vorte full fyr i teltet, men det hadde ikkje vore i samsvar med kampbiletet. Det er og kjekt å halde nullen. Kaptein vår Eskild Dagfinrud var ute med karantene. Vi var litt bekymra for det i forkant, men det viste seg å vere grunnlaust idag. Ein veldig fortent siger der mange fekk bidra. Det var seks nye spelarar i startoppstillinga samanlikna med førre kamp, og vi ventar spent på fortsettelsen, seier Dagfinrud.