Det vart ein jamn kamp på Sæbø stadion der spelet bølgjafram og tilbake. Det stod 1-1 til pause.

Sæbø opna kampen best, og hadde eit godttrykk mot Ørskog-målet dei fyrste ti minutta. Likevel vart det ikkje skaptstore sjansar.

Ørskog-kontringar

Ørskog på si side var farlege påkontringar, og det var på ei slik 1-0-målet kom. Sæbø var i angrep etter eitkvarter, og Ørskog kontra direkte. Overrumpla Sæbø-spelarar måtte sjå at ballenhamna i Sæbø-målet.

Utover i omgangen var det jamt, og Sæbøfekk sine sjansar. Utlikninga fekk Sæbø i gåve frå Ørskog. Etter tjueåtteminutt vart det sendt av garde ei horribel tversoverpasning i eige forsvar.Bjørnar Holen snappa ballen, og skaut i ope mål.

Mot slutten av omgangen hadde Sæbø einstor dobbelsjanse der både Terje Haugen Øye og Yngve Frøland kunne ha skåra.

Forrykande

Andre omgang opna forrykande. Sæbø gjekk iangrep, og fire minutt ut i omgangen vart det 2-1. Terje Haugen Øye avsluttafrå kort hald.

To minutt seinare vart det 3-1. Sæbø fekkstraffespark etter at Bjørnar Holen vart felt, og Haugen Øye var sikker fråstraffemerket.

Etter dette miste Sæbø heilt initiativet,og Ørskog tok meir og meir over. Det måtte gje skåringar. Fyrst reduserteØrskog til 2-3 etter tjue minutt etter eit soloraid, og etter tjuefem minuttvart det 3-3 då ein Ørskog-spelar skåra frå kort hald etter at Sæbø hadde vorteutspelt.

Sæbø-spurt

Men Sæbø gav ikkje opp, og då det stod atteit kvarter fekk heimelaget nok eit straffespark. Denne gongen vart EspenFrøland halden nede, og dommar Dag Harald Moldskred peika påellevemetersmerket.

Terje Haugen Øye tok straffesparket igjen,og han skåra sikkert.

Sæbø fekk nok ei skåring i sluttminutta.Ballen vart lagt inn frå Terje Haugen Øye, og Olai Riise skaut i krysset fråseksten meter.

Returkamp onsdag

Dermed vart det ein tomålssiger til Sæbø.Onsdag er det returoppgjer på Sjøholt, og kven som får heve KM-pokalen i sjettedivisjon vert avgjort.