Ørsta stod med full pott etter tre kampar, og hadde slått Fiskerstrand, Godøy og Hareid. Desse laga er blant dei svakare laga i årets fjerdedivisjon, og trenar Olav Fossheim Moe meinte at den første store utfordringa ville kome mot Hødd på heimebane. Denne kampen vart spelt laurdag, og Ørsta leverte ein god kamp. Litt for mange bom på store sjansar gjorde at Hødd var i føringa 11–8 til pause. Heimelaget stod godt i forsvar, men sleit også litt med utteljinga i andreomgang. Dermed vart det eit knipe 18-19-tap mot Hødd, og årets første tap for Ørsta-damene.

Siger mot Langevåg

Søndag var det ny kamp for Ørsta borte mot Langevåg 2. Gjestene heldt fram med å spele god handball, og kom tilbake på vinnarsporet med 32-24-siger. Dette var også Langevåg 2 sitt første tap for sesongen.

Etter fem kampar har Ørsta åtte poeng, og ligg på ein tredjeplass i fjerdedivisjon. Hødd toppar tabellen føre Bergsøy, begge lag med åtte poeng og ein kamp mindre spelt enn Ørsta. Komande søndag er Sykkylven motstandar på bortebane.

Kampfakta

Ørsta – Hødd 18–19 (8-11)

Ørsta: Helene Fagerhol, Norunn Fagerhol, Anne Nedreberg (4), Karoline Eikås, Else Marie Stokke (1), Silje Nupen Sandnes (2), Marthe Takseth (2), Karen Ose Lid, Liv Grete Stokke (2), Monica Skare, Nina Hustad, Mari Kvien Håskjold (2), Lone Knutsen, Ida-Therese Egset (5)

Utvisingar: Ørsta 3x2min

Langevåg 2 – Ørsta 24–32

Ørsta: Helene Fagerhol, Norunn Fagerhol, Anne Nedreberg (7), Karoline Eikås (1), Silje Nupen Sandnes (12), Marthe Takseth (3), Karen Ose Lid, Michelle Holvik (1), Monica Skare (2), Nina Hustad (1), Mari Kvien (3), Ida-Therese Egset (2)

Utvisingar: Ørsta 2x2min