I starten av februar sprang Kristine Eikrem Engeset inn til gull på 1.500 meter under innandørs-NM i Haugesund. Ho vart også teken ut til å delta i innandørs EM i Sverige, men måtte melde avbod grunna sjukdom. Likevel hadde ho ei positiv utvikling, men så var ho uheldig og vart skadd.

– Det gjekk kjempebra i starten av sesongen, og det var veldig positivt. Eg hadde den raskaste tida på fem år, og kvalifiserte meg til EM og tok NM-gull. På treningsleir i Italia rauk eg leddbandet i ankelen min. Eg var ute i skogen og sprang intervalla, og var rett og slett uheldig. Ei rot stod opp frå bakken, og den presterte eg å snuble i. Eg trakka hardt over og rauk leddbandet rett av, seier Eikrem Engeset.

Tøff periode

Dermed vart det fleire månader utan trening.

– Eg fekk verken sykle eller halde på med kardiotrening. Det var veldig tøft, men eg måtte berre gå gjennom det.

Først i juli var Vidar-løparen tilbake frå skaden, og resultata har vore oppløftande.

– Eg hadde eit løp i Belgia no i helga. Før løpet hadde eg ikkje hatt noko piggskotrening, og eg hadde berre to baneøkter. Eg følte meg eigentleg ikkje klar, men NM er om ein månad og eg måtte byrje ein stad. Tida vart 4.20 på 1.500 meter, og det var overraskande bra med tanke på føresetnadene. På tysdag skal eg spring Karlstad Grand Prix i Sverige, og eg håper å få ned tida mi enno meir. Eg hadde også ei solid baneøkt tysdag, og håper at eg får nokon forløysande økter i tida framover.

– For kort tid til VM

Med ein god start på sesongen var målsetjinga å kvalifisere til seg VM i Moskva i august, men truleg må Eikrem Engeset konsentrere seg om NM.

– Etter ein god innandørssesong var det realistisk med VM. Eg skjønte fort at eg ikkje kunne satse på VM då det vart snakk om operasjon i samband med skaden, og eg må fokusere på nytt. VM-kravet er 4.09. Det er litt for kort tid til VM, og eg trur ikkje at eg rekk det. I slutten av august er det NM, og eg går for gull og best mogleg tid.

Før det er klart for NM i Tønsberg vil Eikrem Engeset prøve å delta i eit par konkurransar i tillegg til Karlstad Grand Prix.

– Dette vert ein mellomsesong for meg, og så vert det full satsing neste sesong.

– Vil kome tilbake for fullt

For at ørstingen skal få det til å klaffe hundre prosent kommande sesong må det gjerast nokon justeringar i kvardagen.

– Målet er å satse for fullt. Eg har lyst og veit at eg har talent nok til å kome tilbake for fullt. Problemet mitt er at eg jobbar hundre prosent samtidig som eg satsar for fullt. Eg må få til ei litt betre ordning for å nå nivået som krevst. Det er ein utfordrande kvardag, og det skal litt til for å få alt til å gå rundt. Akkurat no prøver eg å få det til, og det er bra å ha prestert slik eg har gjort med tanke på alt det andre rundt, seier Eikrem Engeset.