Med siger i siste seriekamp mot Hasundgot ville Vartdal framleis kunne rykkje opp, viss Sykkylven spelte uavgjort eller tapte mot Åheim. Det var likevel heimelaget som opna kampen best, og Vartdal var ikkje på den første halvtimen. Vegard Selvåg sendte vertane i føring etter 27 minutt. Etter dette gjorde Vartdal nokon grep, og kom meir med i kampen.

I andreomgang var Vartdal monaleg betre, og styrte kampen. Hasundgot vart pressa tilbake, og bortelaget skapte fleire store sjansar. Mot slutten av kampen la Vartdal om til to mann i forsvar og fire mann på topp, men ballen ville ikkje i mål. Målvakt Thomas Gjerde fekk sitt andre gule kort på tampen av kampen, og marsjordre. Med 1–0 siger var det Hasundgot som kunne juble over tre poeng, og ny kontrakt i 5. divisjon.

– Einige om å gjere eit godt forsøk

– I den første halvtimen av kampen såg det ut som Hasundgot hadde livet å spele om, medan vi ikkje hadde det. Vi sleit med avstandar og aggressivitet, men Hasundgot skapte ikkje så altfor mykje. Dei fekk målet, men det kunne like gjerne vore 0–0 eller 1–1 til pause. Vi hadde ein god prat i pausen, og vi lag vekt på at mykje står på spel for Hovdebygda og Åmdal også. Vi gjekk på bana for å gjere eit godt forsøk, og tok fullstendig luven av Hasundgot. Det vert skapt 5–6 store sjansar, men det var den dagen då ballen ikkje ville i mål. Vi brukte nok opp effektiviteten mot Åmdal, seier Vartdal-trenar Kenneth Nydahl.