Ei av dei største handballturneringane i Noreg er Shell-cup i Kristiansund. I helga blei den arrangert for 13. gong. 182 lag og 2200 spelarar og minst like mange foreldre sette sit preg på Nordmørsbyen i tre dagar.
Volda HK har brukt denne turneringa som ei avslutning på sesongen for dei yngste laga. I år stilte dei med tre gutelag og fire jentelag. Alle laga markerte seg godt sportsleg, og sosialt melder dei om ei super helg.
Fleire av laga spelte seg fram til semifinalane i A-sluttspelet. G16 kom seg til bronsefinalen der møtte dei Skogn som dei tidlegare i turneringa hadde slått med eitt mål. I finalen vart trønderane for sterke og vann med to.
Sølv til 15-årsjentene
Lengst kom jenter 15- og jenter 16 årslaget. Dei greidde begge å spele seg fram til finalane.
I J15-finalen møtte Volda arrangørklubben Kristiansund. Det blei ei svært jamn og tøff finale der det stod uavgjort 11–11 ved full tid. Tiril M. Eidset sikra Volda ekstraomgangar med ei skåring direkte på frikast eit sekund før full tid.
I ekstraomgangane var KHK litt kvassare enn Volda og vann med to mål, men flott innsats av heile Volda-laget der fleire av spelarane også spelte på 16-årslaget.
Gull til 16-årsjentene
I 16-årsklassa hadde Volda vunne dei tre innleiande kampane sine mot Åfjord, Flå IL og Ranheim.
I semifinalen skulle dei møte Trondheimslaget Sverresborg. Volda-jentene storspelte og vann med klar margin 13–8. Også i denne finalen var Kristiansund HK motstandar. Dette laget hadde Volda også møtt i regionsserien tidlegare i sesongen og tapt klart. Denne gongen vart det jamnare og laga held følgje gjennom heile kampen. I sluttsekunda var det Volda som var best og kunne jublande gå av bana med 14–13 siger.
Stolte trenarar
Trenarane Turid M. Bakke og Jan H. Løset var imponert over jentene sin innsats i helga. – Nokre av jentene var inn på bana i åtte -ni kampar og leverte godt spel på begge lag. Særleg imponerte Auria Ann Ose og Tiril M. Eidset med storspel i dei jamne kampane. Også dei to keeperane Benedicte Dale og Thea Håskjold synte godt spel gjennom heile turneringa.
Trenarane ser no fram mot kvalifisering til regionsserien (serie for dei 12 beste laga i Midt Noreg) som blir det neste stor målet for desse jentene. – Det er enno ikkje bestemt kva tid denne kvalifiseringa blir, men det kan bli i mai/juni eller tidleg i september. Uansett kva tid det er, kjem jentene til å halde forma ved like gjennom halltrening og fjellturar.
Tiril M. Eidset beste spelar
Heile Volda-laget jobba godt gjennom heile turneringa. Fleire hadde åtte-ni kampar i beina før finalen og det merkast. Ei av dei var Tiril M. Eidset som er speleoppleggjaren på både J15 og J16 laget. Ho stod fram i finalen som ein nøkkelspelar og blei også kåra til beste spelar i 16-årsfinalen.