– Eg presterte midt på treet. Det var ikkje hundre prosent klaff i nokon av renna. Men eg fekk gode gjennomkøyringar. Eg håper eg formmessig skal ha litt å gå på inn mot noregscupopninga i Nybygda først på nyåret, sa Ingvild til Møre-Nytt i etterkant av dei to renna.

Ørsta-jenta må nytte mange timer og mil i bil for å få brynt seg på gode jamgamle løparar, eller finne gode treningsforhold. Snøen i heimbygda har regns bort. Ingvild har i løpet av ein månads tid vore på krinslagssamling på Sjusjøen, gått BUL-sprinten og vore på Hadeland i samband med VM-uttakingsrenna. Farting vert det også i jula dersom vêrprognosane slår inn. Det indikerer blant anna at dei tradisjonelle romjulsrenna i Molde er i fare. Øye er ikkje framand for å reise til Austlandet for å delta på Tour de Hedmarken. Det kan verte konsekvensen av at det er så dårlige snø- og treningsforhold i heimfylket.

Tøffare konkurranse

Løping og rulleski held ikkje på denne tida av året for den framgangsrike og ambisiøse langrennsjenta. Ho har von om å kjempe om gode plasseringar både i noregscupen og junior-NM. Det til trass for at Ingvild har rykka opp i den harde 19- og 20-årsklassen. Denne sesongen må ho finne seg i å bryne seg på løparar som er året eldre. Øye ser ikkje mørkt på det sjølv om nivået er høgt. Fleire av konkurrentane hevdar seg i seniorsamanheng.

Ingvild gjekk inn til 27. plass i laurdagens distanserenn på Lygna. Det mest oppløftande var at avstanden fram til teten ikkje var større. Øye var faktisk ikkje meir enn minuttet bak Inger Anne Strøm Nakstad som gjekk til topps. Ingvild måtte seie takk for seg i semifinalen i søndagens sprint.

Ho hamna i det klart tøffaste kvartfinaleheatet. Det var smalt då ho og dei andre gjorde opp om kven som skulle gå vidare. Det gjekk monaleg fortare i Øyes kvartfinaleheat enn dei tre andre. Ingvild hang ikkje med hovudet sjølv om dei to semifinalane gjekk utan henne. Tredjeårsjunioren trøysta seg med at det går fleire tog. Det neste går i samband med noregscupopninga i Nybygda.