– Dette var utruleg herleg. Dette laget har ein enorm moral og vi kan sjå tilbake på ein strålande sesong, seier Standal til Ull/Kisa sine heimesider.

Status før siste serierunde i 2. divisjon var at eitt poeng var nok for at Ull/Kisa skulle ta steget opp ein divisjon. Motstandar var Fana på bortebane. Det vart ikkje ein god start på kampen for Standal og lagkameratane då Fana tok leiinga etter to minutt.

Etter 21 minutt utlikninga Standal, og to minutt seinare sende ørstingen Ull/Kisa i leiinga. I 2. omgang sette Standal inn sitt tredje mål for dagen, og Mattis Nerheim fastsette sluttresultatet til 4-1-siger for Ull/Kisa.

Toppskårar

Dermed vert det retur for Ull/Kisa til 1. divisjon komande sesong. Standal har vore ein viktig bidragsytar for at det vart opprykk i år.

Ørstingen har skåra nest mest mål i avdelinga i 2. divisjon, og etter dei tre måla i sesongavslutninga stoppa han på tjue seriemål for sin nye klubb.

Totalt har Standal skåra tjueein mål på tjueseks serie- og cupkampar.