Ørsta og Langevåg er begge venta å vere i toppen av fjerde divisjon i år, som i fjor. Torsdag serieopna laga på Ørsta stadion, og heimelaget kom best i gong. Etter åtte minutt stussa Sigurd Nybø ballen vidare til Mats Øvrebotten på utsida av målfeltet. Øvrebotten brassesparka ballen i ein fin boge over målvakta, og 1–0 til Ørsta. Fleire meinte at årets mål allereie var skåra på Ørsta stadion. Ørsta heldt fram med å trykke, og vart best i duellane. Tre minutt etter leiarmålet slo Kai Henning Leira eit kort frispark til Sindre Vinjevoll. Han avanserte nokre meter, og sendte avgarde eit langskot frå 25 meter. Ballen gjekk inn via tverliggaren, og 2–0 til Ørsta.
Redusering
Heimelaget hadde god kontroll på kampen, men utover i omgangen kom Langevåg betre med. Fire minutt før pause kom Kristoffer Holmen seg gjennom, og sat ballen sikkert i mål aleine med Nikolai Engeset i Ørsta-målet.
Rødt kort
Etter pause tok Ørsta tilbake initiativet i kampen, og spesielt Terje Rebbestad skapte mange problem for Langevåg-forsvaret. Ut av ingenting kom Langevåg sin spiss gjennom Ørsta-forsvaret etter 54 minutt, og vart tatt av Engeset på femten meter. Rødt kort til Engeset, og straffe til Langevåg. Straffesparket gjekk høgt over mål, men med ti mann vart det vanskelegare for Ørsta å halde oppe presset. Likevel var både Leira og Øvrebotten nær ved å auke leiinga rett etter straffesparket.
Avgjorde på overtid
Bortelaget var farlege på fleire dødballar, og utnytta dei godt. Etter 70 minutt kom utlikninga ved Vinjar Vedde. På tampen av kampen fekk Ørsta ein stor sjanse til å avgjere kampen då Rebbestad kom seg ned til dødlina, og la 45 grader ut i feltet. I staden for 3–2 til Ørsta, avgjorde Langevåg kampen på overtid. Igjen var Langevåg først på ein dødball, og Tryggvi Valdimarssonfekk pirka ballen i mål. Tord Are Rudi fekk ein siste sjanse for heimelaget, men skotet frå åtte meter gjekk over mål.
Valder neste
Ørsta hadde fortent å få med seg poeng frå kampen mot Langevåg, og var gode i store delar av kampen.
– Surt å ikkje få med seg poeng, i ein kamp der vi skaper nok og legg ned ein solid innsats og speler god fotball. Det hadde vi fortent, seier Ørsta-trenar Henning Nygård.
Neste kamp for Ørsta er kommande fredag borte mot Valder som tapte 6–2 mot Sykkylven i sesongopninga.