Laurdag vart den tradisjonsrike Ørstastafetten arrangert på Ørsta stadion. Sjølv med litt kaldt mai-vêr leverte utøvarane gode resultat, og for nokon vart også stafetten gjennomført for første gang.
Samuel Ishaug, Elias Nilsen, Jens Winsnes sprang inn til tredjeplass i 11-14 år gutar, og var godt nøgde med innsatsen. Arnstein Stokke er ikkje med på biletet.