Åmdal spelte sin første skikkelege heimekamp på Legene mot Tjørvåg måndag kveld. Heimelaget er i god form for tida, og sjølv om det vart ny skåringsfest med 8–1 siger burde heimelaget ha skåra enno fleire mål.
Anders Molnes skåra fire nye mål for Åmdal mot Tjørvåg, og har skåra ti mål så langt denne sesongen.