– Det er berre fantastisk, seier trenar Jarle Bae.

NM for G16 opna veldig godt for KFUM Volda fredag føremiddag i Bjørnholthallen i Oslo. Asker vart slått 2–0 i sett (25-12, 25-17), Rossvoll tapte med dei same settsiffera (25-11,25-14) og til slutt på ettermiddagen vart også Blindheim slått 2–0 i sett (25-15, 25-12). Dermed var Volda klare for kvartfinale, og som gruppevinnar slapp dei også omspel.

– Asker og Rossvoll var sjanselause mot oss, og Blindheim serva vi nesten av bana. Kampane i gruppespelet vart lettare enn det vi hadde trudd på førehand, seier Bae.

I kvartfinalen laurdag føremiddag venta Flint frå Tønsberg. Nok ein gang var Volda suverene, og vann fjerde kampen på rad med 2–0 i sett (25-13, 25-16).

– Flint var ikkje noko match for oss, og vi har vorte konsentrerte og flinke til å slå dårlegare motstand. Ein ser også tidleg i turneringa at det er fire til seks lag som skil seg ut og er i siktet til å nå ein semifinaleplass. Med siger i kvartfinalen var vi klare for semifinale, og det var det som var målet før NM, seier Bae.

Tok føringa

Austrått IL var motstandar i semifinalen, og dette var eitt av laga som Volda hadde studert gjennom turneringa. I kvartfinalen slo dei ut Førde, og Volda visste på førehand at det ville verte ei utfordring å ta seg til finalen.

– Vi spelte veldig god volleyball i første settet, og vann 25–22. Vi hadde også føringa i halvparten av andre sett, men så kom Austrått tilbake. Det var mykje publikum i hallen, og vi høyrte folk som lurte på korleis det var mogleg å spele så god volleyball som vi gjorde i første delen av kampen. Vi hadde også det yngste mannskapet blant semifinalelaga, men vi fekk dårleg med matchtrening i dei fire første kampane og då glapp finaleplassen, seier Bae.

Det vart 2–1 tap for Volda i semifinalen (25-22, 18-25, 6-15), men spelarane visst at dei hadde nivået inne.

– Vi såg finalen mellom Austrått og Dristug, og spelarane stilte seg spørsmålet om dei verkeleg er på dette nivået. Dei fekk sjå kor lite som skulle til for at vi kunne ha kjempa om gullet, seier Bae.

Slo Blindheim i kampen om bronse

I staden for finaleplass vart det eit lokaloppgjer om bronsemedaljen mot Blindheim.

– Vi fekk litt problem mot slutten mot Austrått, og rokerte litt på laget før kampen mot Blindheim. Spelarane våre kan dei aller fleste posisjonar og roller på laget. Vi tapte første sett, og Blindheim var høgt oppe og såg sjansen for medalje. Vi rokerte laget tilbake til den faste oppstillinga, og resten av kampen vart ein formalitet. Vi feia dei av bana, og sette skapet på plass, seier Bae med eit smil.

Det vart 2–1 siger for Volda (19-25, 25-14, 15-5), og dermed kunne ein feire at bronsemedaljen var sikra.

– Vi viste gjennom NM at vi kan mykje, og at vi hadde den breiaste stallen av alle med den høgaste gjennomsnittskvaliteten. Det var også ein stor kontingent med publikum frå Volda og Ørsta som hadde reist nedover, og vi har eit fantastisk samhald og lagmoral i laget, seier Bae.

Flåskjer på all-star laget

Ein jury av landslagstrenarar og arrangør valde eit All-Star lag.

– Sverre Flåskjer vart kåra til den beste blokkspelaren, og fekk ein plass på dette laget. Det er fantastisk bra, seier Bae.

– Ein ny generasjon

KFUM Volda som klubb har oppfostra mange gode volleyballspelarar gjennom åra som har tatt steget mot Noregstoppen.

– Hegemoniet med Kvalen, Festøy og Fure med fleire tok slutt i fjor då dei vann 19 års NM. Vi krigar mot dei store klubbane som Tromsø, Førde, Koll og Randaberg, men viser at det er fullt mogleg. Det er veldig kjekt å få opp ein heilt ny generasjon med volleyballspelarar, og vi er blant dei tre beste laga i NM, seier Bae.

NM i Førde

Allereie kommande helg er det ein ny sjanse i NM for bronselaget, då i G17.

– Vi stiller med det same laget i Førde pluss Arjan Festøy og Amin ali Ibrahim. Desse to vert forsterkningar, og vi gler oss. Vi kan gå på med senka skuldrer, og vi veit på førehand at det er fire til fem lag som vi ikkje har ein sjanse til å slå. Dei andre laga gler vi oss til å møte. Realistisk sett kan vi ende på ein åttande til ein femte plass alt etter kor heldig eller uheldig vi er med trekninga, seier Bae.