Ørsta dominerte kampen mot Blindheim på Ørsta stadion fredag kveld. Etter ein jamn start på første omgang tok heimelaget meir og meir over banespelet, og Blindheim sleit med å henge med på det raske pasningsspelet. Etter sju minutt fekk Ørsta frispark frå tjue meter. Venstreback Espen Andersen la ballen over muren, og etter ei gedigen keepertabbe trilla ballen i nettet. 1–0 til Ørsta.

Andersen gonger to

Etter tjue minutt hadde Robert Steinnes ein bra sjanse til å auke leiinga, men minutt etterpå kom Terje Rebbestad gjennom  og sat sikkert inn 2–0.

Blindheim sleit med å komme opp i press, og midtbana til Ørsta fekk mykje plass. Sjur Haug jobba seg heilt fram til dørlina etter ein halvtime, og fekk slått inn til Mats Øvrebotten. Toppskåraren vann hovudduellen og sat inn 3–0, og sitt 22 mål for sesongen. Nokre minutt seinare sat Andersen inn sitt andre for dagen etter eit hjørnespark.

Redusering

Mot tampen av omgangen reduserte Blindheim på ein elegant lobb, men Ørsta hadde store sjansar til auke igjen ved Jørgen Winjevoll og Øvrebotten før dommaren blåste av omgangen.

Aldri truga

I andre omgang var det Blindheim som tok initiativet i kampen, og skapte to store sjansar. Det skulle ta eit kvarter før Ørsta kom skikkeleg med i kampen igjen. Etter 25 minutt slo Sjur Haug inn i feltet, og Øvrebotten heada flott i 5–1. Pusten gjekk ut av Blindheim etter målet, og Ørsta begynte å likne på seg sjølv igjen. Ti minutt seinare fekk Winjevoll ballen i feltet. Han finta seg fri, og sat elegant inn 6–1 til høgre for keeper. Ørsta var aldri truga i kampen, og heilt på tampen av omgangen fastsette Øvrebotten stillinga til 7–1 etter eit frispark frå Sigurd Nybø. Øvrebotten sitt 24 mål for sesongen. Ørsta kunne ha skåra enda fleire mål i denne kampen, men tok tre velfortente poeng.

Uavgjort for Hovdebygda

Hovdebygda/Volda 2 leverte eit imponerande 3–3 resultat borte mot Valder fredag. Hareid slo også Spjelkavik 4–2 i toppoppgjeret, og det går mot opprykk til tredje divisjon for Hareid.

Espen Andersen vert gratulert av Jørgen winjevoll etter 1-0 målet. Venstrebacken skåra to mål mot Blindheim.