Bjorlirennet 2013 er ein del av Sparebank Møre cup. Det var rundt 120 løparar som stilte til start i helga, og Vegard røyrhus var den einaste lokale deltakaren. I G16-klassa vart det ein kamp mellom Røyrhus og Ole-Henrik Lervik (Molde og Omegn IF) om sigeren. I den fem kilometer lange løypa var det Røyrhus kneip sigeren i klassisk stil 1,1 sekund føre Lervik. Rennet søndag var sesongdebuten for Røyrhus, og han har dermed fått ein veldig god start på årets skisesong.