Verken Sæbø eller Gjerdsvika/Moltustranda hadde noko anna enn heider og ære å spele då laga møttest på Storøyra gras laurdag. Sæbø ville avslutte seriespelet med ein betre prestasjon enn dei leverte mot Haddal, og var det beste laget. Kristian Straum, som leverte ein god kamp for bortelaget, sendte Sæbø i føringa. Vertane slo tilbake og utlikna, før Mikkel Riise ordna 2–1. Yngve Frøland sikra bortesiger med 3-1-målet, og dermed avslutta Sæbø årets sesongen i sjettedivisjon med siger.

–Fortent siger

– Det var greitt å få retta opp inntrykket frå førre runde. Vi var det beste laget, og fortente å vinne. Det var ikkje ein fantastisk kamp, og med sterk vind og tung bane vart det litt tilfeldigheiter. Vi meistra forholda best, og var hakket betre. Vi vann fortent til slutt, og skapte mest sjansar, seier spelande trenar Terje Haugen Øye.

– Ser fram mot KM

Før Sæbø kan avslutte 2013-sesongen ventar kampen om krinsmeisterskapet. Ørskog er motstandar, og med siger i siste seriekamp ser laget no fram mot KM-kampane.

– Det var utan tvil godt å avslutte med siger, og det trur eg alle tykkjer var greitt. Vi gjev ein respons på den dårlege prestasjonen mot Haddal, og vi ser meir positivt på KM no enn om det hadde vorte ein ny smell mot Gjerdsvika/Moltustranda. KM gler vi oss til, og det vert kjekt, seier Haugen Øye.

Sæbø møter Ørskog heime 19. oktober, og returkampen går 23. oktober.