Med siger heime mot MSIL laurdag kunne tredjeplasserte Vartdal ta inn på Stordal om dei avgav poeng mot Sæbø. Trenarduoen Bjarte Flåskjer og Einar Arne Roth venta seg ein tøff kamp på heimebane, og heimelaget sleit med å få spelet til å sitte i dei første 45 minutta. I første halvdel av omgangen hadde vertane eit lite initiativ, men offensivt vart det halvsjansar og ein del upresise pasningar. MSIL kom meir med utover i omgangen, men klarte ikkje å spele seg til dei store sjansane dei heller. Dermed gjekk laga til pause på stillinga 0-0.

I 2. omgang losna det for Vartdal etter seks minutt. Steffen Roth vart spelt fri på venstresida, og utfordra MSIL-forsvaret. Etter litt kluss i feltet hamna ballen i beina på Rolf-Audun Vartdal på 10 meter, og han sendte Vartdal i føringa. Etter skåringa måtte MSIL litt høgare i bana, og dette gav meir rom til angrepsspelarane til Vartdal. Presisjonen og presset betre seg også, og Vartdal køyrde kampen. Midtvegs i omgangen vart Vartdal spelte gjennom. Spissen vart tatt av MSIL-målvakta, og eit klart straffespark til heimelaget. Erling Vole var trygg frå straffemerket, og 2-0 til Vartdal. Mykje pasningsrot frå gjestene etter godt Vartdal-press gav fleire overgangsmoglegheiter utover i omgangen, men det vart ikkje fleire skåringar. Nærast var Roth då han avslutta i tverrliggjaren via eit MSIL-hovud frå 16 meter. Vartdal-spelarane kunne dermed juble då dommar Oddbjørn Aam blåste av kampen.

Etter 19 kampar ligg Vartdal fem poeng bak Stordal. Vartdal møter Ørskog borte, Hasundgot borte og Ravn heime i dei tre siste seriekampane. Stordal har ei tøffare avslutning på sesongen. Alle dei tre siste kampane skal spelast på bortebane og motstandarar er Hovdebygda, Åmdal og Åram/VanKam.