Sindre og Eivind satsar for fullt på handball og etter ungdomsskulen flytta dei til Kristiansund der dei kunne kombinere utdanning med toppsatsing i handball. Kristiansund HK spelar i 1. divisjon og var svært nær opprykk til eliteserien denne sesongen.

Volda HK sin 17-åring Caroline R. Helgesen spelte på RMN sitt jentelag som blei nummer 5 i NM. Dei hadde maks uflaks i innleiinga. Dei var eit av tre lag som stod med fire poeng, men hadde dårlegast målskilnad og fekk dermed ikkje spele semifinale.

Meir om NM finn ein på desse sidene.