I starten av desember hadde Ørsta spelarmøte. 23 spelarar møtte, og ingen av dei har sagt at dei ikkje vil satse. Med Svein Slinning på plass som ny trenar startar også sesongoppkøyringa snart. Måndag vart det klart at Petter Aasen går til Volda, og den viktigaste jobben Ørsta har gjort er å halde på stallen sin.

Les også: Aasen tilbake til Volda

– Det vi har arbeidd mest med er å halde på dei som har vore her. Vi har jobba godt og hatt god dialog, og det ser ikkje ut som at det er fleire som forsvinn. At Petter valde å gå til Volda er litt skuffande og leitt. Vi har fått ein del spørsmål frå folk om kvifor vi ikkje vil ha med han vidare og kvifor han går til Volda med anlegget og trenaren vi har fått på plass i Ørsta. Vi skal vere ærlege på at han har fått eit veldig godt økonomisk tilbod i Volda, og kravde pengar av oss for å vere med. Det kan vi ikkje drive med i Ørsta IL fotball. Det vert ikkje rett verken overfor klubben eller medspelarane. Det er grunnen til at Petter ikkje vert med oss vidare. Vi tykkjer det er trist, men ynskjer han lukke til vidare. Vi har også ein god målvakt igjen i klubben i Martin Liaskar, seier sportsleg leiar Frode Digernes i Ørsta IL fotball.

– Arbeider med nokre namn

Det er optimisme å spore i Ørsta før komande sesong, og det kan også verte forsterkningar.

– Vi har nokre namn som vi jobbar med, men det har enno ikkje kome underskrifter. Svein Slinning har også kome med nokre meiningar om spelarar, og dette er noko som vi ser nærare på. For oss har det viktigaste vore å halde på gjengen, og det var fleire spelarar som var på ynskelista til andre klubbar, seier Digernes.

For Ørsta vert første trening under den nye trenaren komande veke.