Henning Nygård skreiv fredag kveld under ein ny eittårskontrakt med fotballgruppa i Ørsta IL.

Sportsleg leiar Kjell Einar Dagfinrud er svært nøgd med atdet gode arbeidet som starta i 2011 kan halde fram også i 2012

- Vi er glade for at Henning tek eitt år til som hovudtrenar.Styret si målsetjing for 2011-sesongen, som var å stabilisere seg i den nye ogforsterka  4.-divisjonen, vart innfriddmed god margin, og spesielt haustsesongen har synt eit godt potensiale ispelargruppa, seier Dagfinrud.

Opprykk

- Spelargruppa er også svært nøgde med trenarane, og ønskjereit framhald. Målsetjing for 2012 er enno ikkje drøfta i fotballstyret, men vilverte drøfta i førstkomande styremøte. Signala frå spelarane sjølve i spelarmøtedenne veka må tolkast som vilje til å gje gass, og gå for opprykk i 2012, seier den sportslege leiaren.

Han er også nøgd med kvaliteten i spelargruppa ØIL disponerer per dato, men det hindrar ikkje at klubben er på jakt etter 2-3forsterkningar,  også for å sikre breiddai stallen.

Førstelagskandidatar

- Slik det ser ut no har vi ein førebels stall på 22mann,  der 90 % er rekrutterte «innaforbruene», og med ein gjennomsnittsalder på om lag 23 år.  Miksen av etablerte og yngre spelarar er god, seier Dagfinrud.

Eventuelle forsterkingar utanfrå må vere klareførstelagskandidatar,  poengterer Dagfinrud.

Kvalitetsstempel

- Vi har nokre namn på blokka, men ynskjer ikkje å gå utmed namn no. Vi tykkjer elles det er eit solid kvalitetsstempel på arbeidet i fotballgruppa i Ørsta IL at såmange av våre yngre spelarar er ettertrakta av andre klubbar som Hødd, Volda,Stryn og Bergsøy. Det tyder på at me har eit utviklingsmiljø i eigen klubb mekan vere stolte av. Vi har både kompetanse og kapasitet i eigen klubb til åutvikle dette vidare i 2012, også i samarbeid med andre om det skulle verebehov for det, seier Dagfinrud.

Han opplyser at det vil verte engasjert assistent-trenar og keepertrenarogså i 2012.