– Vi reiste med to lag. Begge gjorde det godt og det vart ei kjempekjekke helg i Sogndal, seier trenar Svein Erik Grevsnes.

Ørsta G14 stilte med eit 9-ar-lag og eit 7-ar-lag i Lerum Cup. For 9-ar-laget vart det 4-0-siger mot IL Bjørn i første kamp og 5-1-siger mot Lom i andre kamp. I siste kamp i gruppespelet vart det uavgjort 2–2 mot Førde. Ørsta tok seg dermed vidare til sluttspelet. Mot Brattvåg i åttandedelsfinalen leverte Ørsta-gutane godt spel og vann 6–0. Sykkylven venta i kvartfinalen. Då kom det første tapet i turneringa og Ørsta var ute.

– Kampen mot Brattvåg var veldig bra frå Ørsta si side. Sykkylven vart dessverre altfor sterke for oss, og det var klart at dei var der for å vinne turneringa.

Sykkylven gjekk også heile vegen til finalen, der dei slo Etne 2–1.

Gruppesiger

7-ar-laget fekk ein pangstart på turneringa med 11-0-siger mot Fagernes i første kamp. Mot Varegg vart det ein jamnare kamp, men Ørsta gjekk sigrande ut med sluttresultatet 4–2. I siste kamp i gruppespelet vart det uavgjort 2–2 mot Masfjord. Ørsta gjekk vidare frå gruppespelet og rett inn i semifinale. Motstandar Bagn skåra eitt mål mot Ørsta, men Ørsta skåra tre og var dermed klare for finale måndag ettermiddag. I finalen stod Varegg igjen på motsett banehalvdel. Det vart ein målrik finale, og med 6-3-siger for Ørsta kunne gutane sleppe jubelen laus.

– 7-ar-laget spelte veldig godt og vi vann puljen vår. Det var ein god prestasjon av laget og det var veldig kjekt å gå av med sigeren. Alle spelarane har fått spelt mykje og omtrent alle kom på målskårarlista gjennom turneringa.

Totalt fem lag frå Ørsta tok del i årets utgåve av Lerum Cup, og frå lagleiarane er det berre skryt å høyre om turneringa.

– Det var utruleg kjekt å reise til Sogndal og det var utruleg godt tilrettelagt.