– Etter to harde år for idretten er det no stor innsats for å kome i normal drift igjen. Vi treng alt mogleg støtte i dette arbeidet. Kommunestyret har derimot vald å fjerne både kulturtilskot og støtte til idrettsanlegg i budsjettet for 2022, heiter det i ei fråsegn vedteke av årsmøtet i Ørsta idrettsråd.

Ørsta idrettsråd er samarbeidsorganet til alle idrettslaga i kommunen.

Idrettsrådet er ekstra vonbrotne over at støtta er kutta same året som det er ekstra merksemd knytt til frivilliug arbeid gjennom Frivilligåret.

– Dette gjer kommunestyret attpåtil i frivilligåret der dei mange frivillige i idretten skal få ekstra positiv merksemd. Dette er mislukka symbolpolitikk som kommunestyret må rette opp allereie i neste budsjett, heiter det i fråsegna.

Idrettsrådet peikar på at dei fleste idrettsanlegga i kommunen er i privat eige.

– Kommunen bør heller ta større ansvar for å oppretthalde det gode og varierte tilbodet i idretten, heiter det i fråsegna.