Med to kampar i helga hadde Ørsta sitt damelag mulegheita til å innta tabelltoppen i 4. divisjon. Laurdag var Langevåg 2 motstandar i Ørstahallen. Gjestene heldt brukbart følgje i 1. omgang, men Ørsta var i føringa 16–13 til pause. I 2. omgang heldt kampbilete fram, og med 30-27-siger kunne Ørsta-spelarane juble. Marthe Kile Takseth vart Ørsta sin toppskårar med åtte mål.

Søndag var det klart for ny kamp mot Rollon på bortebane. Gjestene mangla fleire spelarar, og det vart ein tett kamp. Ørsta drog i land sin fjortande siger for sesongen med resultatet 21–19. Anne Nedreberg vart toppskårar med sju mål.

Etter femten kampar står Ørsta med 28 poeng. Det har vorte fjorten sigrar og eitt tap. Dei toppar tabellen eitt poeng føre Hødd, og med to kampar meir spelt. Bergsøy ligg fire poeng bak Ørsta med to kampar mindre spelt.

Ørsta har seks kampar igjen av sesongen. Første kamp er mot Skarbøvik heime komande søndag. Så ventar Spjelkavik borte, Sykkylven heime, dobbeltkamp mot Volda 3, før sesongen vert avslutta med heimekamp mot Bergsøy.

Kampfakta

Ørsta - Langevåg 2: 30-27 (16-13)

Ørstahallen

Ørsta: Norun Fagerhol, Helene Fagerhol, Else M. Stokke (1), Silje Anette Nupen Sandnes (7), Marthe Kile Takseth (8), Liv Grete Stokke, Ida-Therese Egset (3), Anne Nedreberg (7), Lone Knutsen, Monica Skare (4), Helene Andreassen, Gerd E. Myklebust, Nina Hustad.

Rollon - Ørsta: 19-21

Larsgårdshallen

Ørsta: Norun Fagerhol, Helene Fagerhol, Marthe Kile Takseth (3), Liv Grete Stokke (2), Ida-Therese Egset (4), Anne Nedreberg (7), Mari Kvien Håskjold (1), Monica Skare (2), Helene Andreassen, Nina Hustad (2)