Førde leverte ein solid semifinale mot serieleiar Koll Volley laurdag, og tok seg til cupfinalen med 3-0-siger (25-10, 25-20, 25-21). Voldingen Jonas Kvalen er tilbake i Førde etter å ha spelt profesjonell volleyball i Polen i fjor. Laurdag var med å bidra til at Førde er klar for sin sjette cupfinale under trenar Marcin Lubiejewski. Cupfinalen vert spelt 18. januar, og motstandar vert BK Tromsø.

– Førde er favorittar

– Det som er spesielt denne sesongen, er at Førde Volleyballklubb slo ut storfavorittane, Nyborg VBK i kvartfinalen i ein dramatisk thrillerkamp, og slepper no å møte det laget vi har møtt i cupfinalane dei tre siste åra. Førde Volleyballklubb er i alle fall store favorittar når dei entrar bana i Oslo 18. januar, seier Kvalen.

For voldingen vert dette den tredje cupfinalen sidan 2011. I fjor vart det sølv for Førde og Kvalen, medan det i 2011 vart cupgull. Dermed kan Kvalen gjere som Ørjan Håskjold Nyland og stå med to cupgull 18. januar.

– Vil mobilisere

Cupfinalen blir reprise frå 2007 då Førde sikra seg sitt første cupmeisterskap. Sidan har ikkje Tromsø vore i finalen, medan sunnfjordklubben no er klare for sin sjette. Så langt er det blitt to cupmeisterskap, medan dei to siste finalane mot Nyborg har enda i tap. Førde-trenaren seier til NRK Sogn og Fjordane at det er to sigerhungrige lag som møtast i cupfinalen.

– Det ser ut som om dei sterkaste laga er ute, men Tromsø har gjort det bra så langt i år. Dei er på andreplass i serien, og ser ut til å spele betre og betre. Sidan dei ikkje har spelt cupfinale på mange år, så vil dei heilt sikkert mobilisere inn mot finalen.