I fråvær av Auria Ann og Ann Lauren Ose hadde heimelaget fått med Hilde Egset og Vanessa S.Hoel frå 2.divisjonsgruppa til denne kampen. Desse to blei svært sentrale og sto for 19 av Volda sine skåringar.

Elnesvågen som spelte sin første kamp for sesongen, hang godt med i opningsminutta. Etter kvar blei det verre og verre for dei å henge med på Volda sitt tempo.   Det sto 5-3 etter sju minutt, fem minutt seinare var denne leiinga auka til 10-3. Heimelaget styrte det meste og auka leiinga utover i omgangen. Ved pause sto det 18-9.

Etter pause rota heimlaget litt i starten, men kom raskt på sporet att og fullførte kampen med stil. Det var ingenting å seie på at dei tilslutt gjekk av bana med 34-19 siger.

Godt forsvarsspel

Heile laget gjorde ein god jobb i forsvar og romsdalslaget sleit med å kome gjennom.

I angrep var Vanessa S.Hoel i storform og blei den store måljegeren på bana med sine 13 skåringar. Positiv var også Birthe Urke som spelte sin første kamp for sesongen og noterte seg for fire skåringar frå kanten.

Bortekampar i Trøndelag

Neste helg skal damene til Trøndelag der dei skal møte Orkanger og Meldal2. Her blir nok Orkanger den tøffaste motstandaren. Dei er som Volda utan tap til no.