For sunnmørslaga i 3. divisjon vert det fleire turar over fylkesgrensa til Sogn og Fjordane komande sesong, men også to turar til Bergen. Arna-Bjørnar og Tertnes har hamna i same avdeling m.a. Norborg, Skarbøvik, Aalesund 2 og Hødd 2, og dermed vert det meir reising på bergenslaga enn dei har vore vande med. Ifølgje Bergensavisen brukte Arna-Bjørnar 200.000 kroner på reiser i andredivisjon denne sesongen, men neste år må dei bruke 400.000 kr. Det same må Tertnes, som brukte 130.000 kr på reiser i år. Auka i utgifter har ført til at Tertnes no vurderer å trekkje laget sitt frå 3. divisjon.

– Akkurat no held vi alle moglegheiter opne til vi har hatt møte, men det ligg i korta at vi kanskje må trekkje laget vårt, seier sportsleg leiar i Tertnes, Pål Nilsen, til BA.

Måndag kveld samlar støtteapparat og spelarar seg til eit møte der framtida vert avgjort. Arna-Bjørnar har bestemt seg for å gjennomføre sesongen i 3. divisjon.

Elnesvågen vurderer å trekkje seg

Måndag vart det kjent at Elnesvågen og Omegn sin trenar Kurt Mørkøre har trekt seg grunna reisebelastninga i det nye avdelingsoppsettet. Elnesvågen og Omegn skal også ha eit møte måndag kveld der det vert diskutert om klubben har ressursar og om spelarane har motivasjon til ein ny sesong i 3. divisjon. På Elnesvågen sin Twitter-konto skriv klubben at det har vore snakk om å ta over plassen til Elnesvågen 2 i 4. divisjon om Kvass/Ulvungen trekk laget sitt, og ifølgje fotballkrinsen let dette seg gjere.

Spekulasjonar

Om eit lag trekk seg frå 3. divisjon er det Charlottenlund som har det beste poengsnittet av 12-arlaga. På plassen bak er Volda. Det vert spekulert i at viss Tertnes trekk laget sitt så vil Brattvåg bli flytta over i avdelinga med sunnmørslaga, og Charlottenlund få tilbod om plass i avdeling 9 med lag frå Trøndelag, Nordmøre og Romsdal. Det vert og spekulert i at Charlottenlund vil få tilbod om plass i sunnmørsavdelinga, men at dei grunna reiseavstand vil takke nei. Om Charlottenlund skulle takke nei eller det vert to ledige plassar i 3. divisjon vil Volda få tilbod om ein plass. Dersom Volda takkar ja vil også Åmdal halde seg i 5. divisjon.