Ørsta har framleis til gode å ta poeng på bortebane i år, men har ein god heimestatistikk. Sett vekk frå tapet mot Langevåg i første serierunde, og 2–2 kampen mot Rollon, har det vorte full pott på kunstgraset. Torsdag kveld var heimelaget klare favorittar då botnlaget Godøy kom på besøk. Bortelaget stod med eitt poeng på seks førsøk på bortebane før kampen mot Ørsta, og det var heimelaget som også tok kommandoen frå start.

Stort ballinnehav, lite sjansar

Ørsta hadde ballen klart mest i første omgang, men klarte ikkje å skape dei store sjansane. Godøy på si side prøvde å kome seg gjennom i bakrommet, men dei klarte ikkje å sette Nikolai Brune Engeset i Ørsta-målet på dei store prøvene. 35 minutt ut i omgangen losna det for heimelaget. Kaptein Lars Olav Winjevoll slo eit frispark inn i feltet. Etter klabb og babb fekk Terje Rebbestad avslutta, og ballen trilla i det næraste hjørnet. Dermed kunne Ørsta gå til pause med ei 1–0-leiing.

Tryggja leiinga

I andre omgang var kampbiletet som i første. Ørsta trilla ball, men skapte nesten ingen sjansar. Godøy skapte ikkje dei store problema for heimelaget, og dermed ebba kampen ut på stillinga 1–0, og tre nye poeng på heimebane for Ørsta på ein heller dårleg dag.

Mindre luke

Med tap for m.a. Norborg og Rollon nærmar Ørsta seg ein tredjeplass på tabellen. Laget ligg framleis på ein sjuandeplass med 13 poeng etter ti kampar. Opp til Norborg på tredjeplass er avstanden no seks poeng. Etter førre serierunde uttrykte trenar Henning Nygård at det var urovekkjande at det var kortare avstand til botnen av tabellen enn toppen. Med sigeren mot Godøy er no avstanden på sju poeng ned til botnlaga, og den luka kan verte større etter neste serierunde.

MSIL neste

Ørsta har to kampar igjen før det er sommarferie, og det bør vere gode sjansar for nye poeng når MSIL gjestar Ørsta stadion kommande veke. MSIL har vist gryande form dei siste kampane, og ligg på plass bak Ørsta på tabellen. Vårsesongen vert avslutta 28. juni med bortekamp mot Langevåg.