– Dette vart bestemt måndag. Forbundet gjekk inn for fire lag i eliteserien, seier leiar Tor Hallaråker i Volda og Ørsta bordtennisklubb.

Med eit så snevert tilbod i eliteserien valte Volda og Ørsta heller å satse på ein anna måte enn å bruke tid og krefter på eliteserien.

– Stiller alle laga med like gode lag som i år så, vert det vanskeleg å konkurrere. Vi ynskjer å satse meir på dei unge i klubben, og kanskje vert det også midlar til overs som kan nyttast til internasjonale reiser, seier trenar Reinis Burgis.

– Fleire samlingar for unge

Dermed omprioriterer den lokale bordtennisklubben satsing si på seniorsida, men Hallaråker understrekar at det ikkje vert noko mindre satsing i klubben.

– Vi fokuserer på ein annan måte, og vil byggje fram fleire samlingar for unge.

– Vi må også kome i gang med dei nye i klubben for å ha eit interessant miljø, seier Burgis.

Bordtennisleir

Før årets sesong er heilt ferdig, har den lokale bordtennisklubben nokon postar på programmet.

– 1. og 2. juni er det Mega-cup på Lørenskog, og vi har fjorten spelarar som deltek. Både Reinis og Espen er i favorittsjiktet i herreklassa. 8. og 9. juni vert sesongen avslutta med rekrutturnering i Volda. Då vert det ein pause før vi startar opp bordtennisleiren vår som varer heile juli og som også i år vil ha internasjonale innslag, seier Hallaråker.

– Håper at eg kan vere her

Burgis, som er spelande trenar for klubben, håper også å halde fram i Volda.

– Eg trivst godt i Volda, og vert meir og meir kjend med staden og folket. Eg har vore trenar i femti prosent stilling til no, men vi får sjå kva som skjer til neste år. Eg håper at eg kan vere her ei stund til.