Det var ein omfattande kontroll på Kvivsvegen i Volda onsdag.
Politiet skriv på Twitter: «Det er gjennomført ein samkontroll der 690 køyretøy vart stansa, derav 88 vogntog. Dei vart gitt både skriftlege og muntlege pålegg, gebyr og melding. Alle vart sjekka med alkometer, alle var edru.»