I slutten av mars reiser herre-, dame- og J17-laget til Ørsta IL fotball på felles treningsleir. Det har aldri skjedd før.

I samband med treningsleiren ønskjer laga å skaffe seg arbeid slik går med til å finansiere turen.

– Vi tek på oss det aller meste av arbeid. Håpet er at vi skal få inn nokre kroner, seier Sigurd Aarflot Sundnes som er kontaktperson for herrelaget. Tuva Meek Lillenes er kontaktperson for damelaget.

Tidlegare har det vore vanleg at laga reiser kvar for seg på treningsleir, men i år vart det bestemt at Ørsta-laga skal reise saman.

– Herrelaget har vore i Tyrkia tidlegare. Dette blir min fjerde tur på treningsleir. Damelaget har vore på treningsleir tidlegare, medan J17-laget ikkje har vore på ein slik tur tidlegare. For fotballen si side er det ei ekstra satsing og vi vil reise som ei samla gruppe. Og det er ein treningsleir der idrettsmotivasjon står i front.

Ørsta-laga reiser 28. mars og kjem tilbake til Ørsta i påskeveka.