I snart 30 år har Ørsta IL Alpin arrangert skibytedag i Ørsta. Dei siste åra har arrangementet vore i lokala til Ørsta vidaregåande skule, men i år er skibytedagen flytta til Vikegata.

Komande laurdag går skibytedagen av stabelen, og sidan det ikkje er mange dagane att oppmodar Ørsta IL Alpin ørstingane om å leite fram skiutstyr som ikkje lenger passar eller som ikkje er i bruk, og levere det inn på arrangementsdagen.

– Å kjøpe brukt skiutstyr er både billeg, miljøvennleg og enkelt. Her har du ei moglegheit til å få rydda i det som har vorte for smått, og å få tak i utstyr for ein billig penge. Vi tek i mot alpin, carving, randonee, langrenn, snowboard, skøyter etc. Vi er spesielt interessert i barneski, heiter det frå alpingruppa.

I tillegg til nytt lokale for skibytedagen vil Ørsta IL alpin tilby preparering av ski og ha tombola.

– Husk at utstyret bør vere reingjort og i orden når du kjem med det. Då er det lettare å få selt det. Svært gamalt utstyr, som t.d. lange ski utan carving, er det nesten umogleg å selt.