Langevåg stod med to sigrar på to forsøk før møtet med Åmdal 16. mai. Heimelaget er utpeikt som ein av opprykksfavorittane i femtedivisjon i år, og var også førehandsfavorittar mot Åmdal. Bortelaget reiste med ei tropp på femten mann til Langevåg, og gav heimelaget hardt kamp om poenga.

Uavgjort til pause

Etter ei jamn opning på kampen tok Langevåg føringa etter eit sjølvmål. Det tok likevel ikkje lang tid før laga var like langt igjen. Ein innøvd frisparkvariant klaffa for Åmdal, og Øystein Frøyland sette inn utlikninga. Åmdal tok over kontrollen i kampen etter utlikninga, og skapte mest sjansar. Simon Gjøen var aleine gjennom utan resultat. Gjøen heada også fri Frøyland som ikkje fekk avslutta skikkeleg. Dermed gjekk laga til pause på stillinga 1-1, men Åmdal følte at dei burde ha vore i leiinga.

Langevåg-siger

Andreomgang starta omtrent som den fyrste, og ingen av laga klarte å skape dei store sjansane. Åmdal låg kompakt i bana, og forsvaret seg godt mot Langevåg. Eit stykke ut i omgangen kom Langevåg seg fri på høgresida, og innlegget på bakarste stolpe vart breisida i mål. Så tapte Åmdal fleire duellar ved cornerflagget, og i feltet fekk ein Langevåg-spelar snudd seg og sette kontrollert inn 3–1. Åmdal prøvde å løfte spelet sitt etter skåringane, og ti minutt før slutt fekk dei straffespark. Svein Erik Grevsnes var som vanleg trygg frå straffemerket, men det vart ei mager trøyst då kampen enda med 2–3 tap.

– Vi føler oss litt lurt

Åmdal følte at dei minst burde fått med seg eitt poeng frå kampen mot Langevåg.

– Det var eigentleg litt surt å gå til pause med 1-1, og vi hadde nok sjansar til å vere i føringa. Vi føler oss litt lurt for tre poeng, men det som er positivt er at vi møter kanskje det beste laget i divisjonen og spelar jamt med dei på bortebane. Det var ein god laginnsats frå vår side, og sjølv om vi låg under 1–3 hadde vi trua og skapte målsjansar.

Åmdal har no spelt fire kampar denne sesongen, og har hatt fire forskjellige målvakter.

– Det er ikkje optimalt. Mot Langevåg stilte Ole Johnny Lauvstad opp. Vi har hatt fire forskjellige målvakter på dei fire første kampane, og det er ikkje noko tvil om kvar skoen trykker.

Ravn neste

Kommande onsdag gjestar Ravn Legene, og Ravn står med ni poeng på sine fire første kampar. Åmdal ynskjer å ta sin tredje strake siger på heimebane, og beskjeden frå Grevsnes er klar.

– No gler vi oss til å ta Ravn.