Halden hadde som alle andre lag som møter Volda, taktikken klar; høgt tempo i ankomstfasa og ”frimerke” på Laima Bernataviciute. Dette lukkast dei med frå start. I tredje kamp på rad vart Voldaspelarane utspelt i opningsminutta. Østfoldlaget gav Volda eit opningssjokk og sette standaraden på kampen frå start.  Det sto 7-2 på tavla då trenarane Gudmundsson / Buchard måtte legge time-out-kortet på sekreteriatbordet.  Ei brukbar Voldaperiode gjorde at dei midtvegs i omgangen hadde redusert til 6-9. Dette var det næraste heimelaget kom gjestane, for resten av omgangen var det dei som styrte det meste og kunne gå til pause med 17-10 leiing.

Kampen avgjort etter fem minutt

Skulle Volda kome inn att i kampen, måtte det gjerast grep frå start i andre omgang. Det  skjedde aldri. Fotrappe og teknisk gode Haldenspelarar fekk Voldaspelarane til å framstå som eit urutinert jentelag. Dei sette spikaren i kista då dei etter 5 minutt leia 22-11. Resten av kampen blei eit pliktløp der publikum fekk sjå kontrinsspel og avslutningar det var klasse over. Det skal eit under til om ikkje Halden blir å finne i eliteserien neste sesong. Utan tvil det beste laget som har gjesta Voldahallen på mange år. Særleg imponerte danske Pernille Christensen som var banens beste og toppskårar i kampen med 13 mål.

Kine Kvalsund einaste lyspunkt

Ein heilsvart dag for Voldadamene der mange verkar heilt ute av form. I slike kampar  er det viktig at laget har ein spelar som er sjef og styrer spelet. Det mangla laget i denne kampen og i kampen mot Utleira. Lyspunktet var Kine Kvalsund på venstrekanten som har hatt ei fin utvikling denne hausten. Ho spelte nok sin beste kamp og vart Volda sin toppskårar med fem mål. Keeper Runa Vik hadde også mange fine redningar, men fekk ingen hjelp frå eit forsvar som mange på tribuna meinte hadde teke juleferie litt tidleg i år.

- Vil ta grep

Etter 12 av 26 serierunder ligg Volda på tolvte plass med åtte poeng. Det er kort veg oppover på tabellen og første kamp på nyåret mot Bækkelaget Elite, blir ein nøkkelkamp for Volda. Oslolaget ligg poenget føre Volda og er eit av dei laga bør slå på heimbane. Leiar i Volda HK likte dårleg det han såg på bana mot Halden . Han registrerer som mange andre, at laget er heilt avhengige å prestere opp mot sitt beste i kvar kamp og at sentrale spelarar må vere i form, om det skal bli poeng. Han og resten av styret er klar til å gjere grep om situasjonen skulle tilseie det. Slik det ser ut no må noko gjerast.

– Målsetjinga til klubben er å berge plassen i 1.divisjon. Vi har heile tida vore klare på at skulle vi kome i ein situasjon der vi ligg under nedrykksstreken,kan det bli aktuelt med forsterkningar utanfrå. Dette er sjølvsagt ein prosess som både trenarar og spelarar skal vere med på. Vi har vore i kontakt med agentar som har oversikt over tilgjengelege spelar, dei fleste av desse frå aust-Europa.

Bakke seier vidare at ei avgjerds på dette må takast i romjula.

– Overgangsvidauget stengjer 1.februar og vi veit at det er ein tidkrevjande prosess med å få ordna overgangspapir til utanlandske spelarar. Derfor må vi vere i gong med dette tidleg i januar.  Bakke fortel vidare at klubben har vore i kontakt med Ørstajenta Karoline Dyrhol Slenes. Ho skal flytte heim til Ørsta med familien etter to år i Dubai. – Karoline flyttar heim til Ørsta 18.januar. Ho har sagt at ho vil inn i handballmiljøet og gjerne hjelpe til om dette let seg ordne i forhold til familie- og jobbsituasjonen hennar. Ein spelar av hennar kaliber med rutine frå eliteserien, vil sjølvsagt styrkje spelarstallen.

Kampfakta

Volda HK – HK Halden     19 – 42  (10 – 17) Voldahallen:  264 tilskodarar Best på Volda: Kine Kvalsund Volda: Runa Vik, Astri Ingebrigtsen, Kine Kvalsund 5, Caroline Ruud Helgesen , Kristine Håheim Vike 1, Olivia Kiss 1, Jurate Zilinskaite 1 , Rita-Krsitin Rise 1, Kaisa Holsvik 1, Laima Bernataviciute 4, Aukse Anglinskiene 4. Toppskårarar Halden: Pernille Christensen 13 Utvisningar: Volda 4 x 2min, Halden -ingen Domarar: Stig Andre Stensrud og Ørjan Gangnes

Ørstajenta Karoline Slenes Dyrhol flyttar saman med familien,heim til Ørsta i januar. Ho kan etter kvart bli ei forstekning for Volda i 1.divisjon. Foto: Ove Krumsvik