Ørsta leverte årsbeste i førti minutt på kunstgrasbana iØrsta torsdag kveld. Det var nok til å banke Norborg 5-2.

Ørsta opna forrykande mot laget som før kampen mot Ørsta lågpå andreplass på tabellen i fjerde divisjon. Laget fekk til spelet, og regelrett spelte utgjestene.

- Trilla ball

- I fyrste omgang trilla vi ballen godt, og slik vi skalgjere. Norborg var ikkje med i det heile, seier Ørsta-trenar Henning Nygård.

Det var Terje Rebbestad som opna skåringsshowet etter treminutt. Han vart spelt igjennom av Kai Henning Leira.

Etter 24 minutt vart det 2-0. Då var det Mats Øvrebotten somlaga målet.  Øvrebotten skåra frå korthald etter at Norborg-forsvaret  ikkjegreidde å klarere eit innlegg frå Henning Nygård.

Øvrebotten og Rebbestad

Tre minutt seinare vart det 3-0. Igjen var det Øvrebottensom skåra frå kort hald då han skaut ballen i nettaket.

Få minutt seinare vart også Rebbestad tomålsskårar. Han vartspelt igjennom av Øvrebotten, og skåra sikkert.

Etter 39 minutt vart det 5-0. Vetle Dagfinrud var målskåraretter at Sjur Haug hadde avslutta, og det vart gjeve ein retur.

Mot slutten av omgangen slurva Ørsta i forsvar, og Norborgreduserte to gonger,  begge etter bakromspasningar.

I andre omgang kontrollerte Ørsta det heile, men utan at detvart fleire mål.

Laginnsats

Alt i alt var det ein god laginnsats av Ørsta.

Trenar Nygård spelte sjølv åtti minutt av kampen, og varegodt nøgd med det laget hans presterte.

- Vi byrjar å få til spelet vårt. Dette var tredje kampen pårad med tilnærma likt mannskap, og det har sjølvsagt noko å seie. Dessutan harlaget vorte betre til å takle motgang i løpet av kampen betre enn tidlegare isesongen. Det er viktig, seier Nygård.

* * *

I ein kamp i femte divisjon vann Vartdal 14-2 (!) over Åheim på Remen torsdag kveld.