Det er Ørsta Fotball i samarbeid med Tine som inviterer til Tine fotballskule på Ørsta stadion. Gjennom tre fullpakka dagar vil deltakarane gå gjennom organisert leik, trening og rettleiing. Fotballskulen er for dei mellom seks og tolv år (2006-2000 modellar), og for deltakarane ventar det spennande dagar.

– Fotballskulen er eit fin blanding mellom leik og fotballaktivitetar. Vi håper at flest mogleg vil vere med, og ein treng ikkje å høyre til Ørsta for å delta. Instruktørane i år er dame-, herre, junior-, jente og gutespelarar. Vi har nok instruktørar, og dei som er med på fotballskulen skal verte godt følgde opp, seier dagleg leiar Arnstein Sandvik i Ørsta fotball.

Lid Kleppe og Standal

Tidlegare har fotballskulen hatt besøk av m.a. Tor Hogne Aarøy, og i år vert det besøk av tidlegare Ørsta-spelarar som har kome seg opp og fram i fotballen.

– Thomas Lid Kleppe og Espen Standal vil kome onsdag, den siste dagen, og vere det 4–5 timar. I tillegg til å hjelpe til vil dei har eit opplegg med konkurransar og skape litt ekstra show. Det er veldig kjekt at tidlegare Ørsta-spelarar stiller opp. Fotballskulen er tre dagar med mykje aktivitet og leik, og vi håpar også at vi har vêrgudane med oss, seier Sandvik.