I vinter har 45 skyttarar frå Søre Sunnmøre delteke på sju treningscupar på skytebanene i Ørsta og i Volda. Der har dei gått gjennom eit uhøgtideleg treningsprogram for å bu seg på teljande konkurransar.

Primus motor for treningscupen, Anita Tormodset, er godt nøgd med resultatet av vinterens samlingar.

– Det er veldig positivt er at vi har hatt tretten aspirantar med. Det er kjempekjekt at aspirantane får prøve eit møte med stemne før det vert ramme alvor, og det er kjekt at det har vore så stor interesse for treningscupen, seier Tormodset. Ho legg til at det er veldig godt miljø i skyttarlaga.

– Etter kvar treningscup har vi hatt kake, og folk har sete att etterpå og hatt det sosialt.

Til saman 45 personar tok del i treningscupen. Om lag 25 av dei var med på alle kveldane.

Torsdag fekk alle som hadde vore med på treningscupen ein deltakarpremie.