Laurdag vart det ein kontrollert 35-26-siger over Sverresborg på bortebane. Søndag var det igjen klart for kamp for Volda og på motsett banehalvdel stod botnlaget Levanger 2. Mot Sverresborg skåra Volda ni mål på rad i opninga av kampen før vertane fekk sitt første mål. Søndag skjedde nesten det same på nytt berre at Volda var i leiinga 10-0 etter ti minutt. Eit sjeldan resultat å sjå i handballen. Volda hadde fullstendig kontroll og det var ein klar nivåforskjell mellom laga. Utover i omgang auka leiinga for gjestene. Anette Berg skåra det siste målet i omgangen og Volda gjekk til pause på stillinga 20-5.

Det var aldri nokon tvil om kven som kom til å ta med seg poenga frå Trønderhallen. Avstanden mellom laga heldt seg i 2. omgang. Ti minutt før slutt sette Maria Ulla inn Volda sitt 28 mål i kampen, og gav bortelaget leiinga 28-13. Levanger 2 skåra det siste målet i kampen og sluttresultatet vart 30-15 i favør Volda.

Volda har dermed ei luke på fire poeng ned til Nordstrand, og då har laga spelt like mange kampar. Sju kampar står att i seriespelet for Volda, men mykje skal til for at laget ikkje spelar kvalifisering til 1. divisjon seinare i år. Komande helg kjem Levanger 2 på besøk i Voldahallen. Etter den kampen ventar ei kamppause på ein månad for Volda.