Ørsta/Volda var store favorittar mot Sverresborg laurdag. Heimelaget måtte vinne kampen for å halde følgje med Bergsøy i kampen om opprykk til 2. Divisjon. Heimelaget fekk ein god start på kampen og var i føringa 5-0 etter fem minutt. I mål hadde vertane 16-åringen Elias Skaare Sætre som fekk sin debut på herrelaget. Fleire gode redningar frå debutanten, i tillegg til godt forsvars- og angrepsspel gjorde at Ørsta/Volda dominerte på heimebane. 20 minutt i kampen var heimelaget ti mål føre, 16-6, og til pause var kampen så å seie avgjort med 21-9-leiing.

I andreomgang heldt heimelaget oppe trykket, og det tok 13 minutt før Sverresborg sette ballen i mål. Sigeren var aldri truga, og vertane kunne sleppe jubelen laus med 36-18-siger. Bendik Bjerke vart toppskårar for heimelaget med 9 mål.

- Det vart som ein treningskamp for oss, men slike kampar skal også vinnast. Det er bra og vi trenger kamptrening. Mange ting var greitt, og mange ting var ikkje greitt. Det er alltid slik i kampar, men gutane spelte veldig bra . Elias i mål leverte veldig bra, og hadde 11-12 redningar i sin første herrekamp. No kan vi rette alt fokus mot kampen mot Bergsøy neste helg, og så må vi fylle opp Ørstahallen, seier trenar Björgvin Runarsson.

Kampen om opprykk frå 3. divisjon vert avgjort komande helg når Bergsøy gjestar Ørstahallen. Ørsta/Volda har vunne alle kampane sine denne sesongen, sett vekk frå tapet mot Bergsøy før jul. Bergsøy står med full pott på sine kampar.

- Kva tenkjer du om sjansane mot Bergsøy?

- Vi skal sjølvsagt vinne kampen. I førre oppgjer tapte vi med fire mål på bortebane, og vi spelte veldig bra i 45 minutt. Vi hadde berre ti spelarar, og eg kunne ikkje bytte inn og ut slik eg ville. No har vi fullt lag.

Stian Aasen fekk seg ein trøkk mot slutten av kampen mot Sverresborg. Runarsson håper at det ikkje er noko alvorleg og at Aasen er klar for spel komande helg.

Trenar Björgvin Runarsson seier at Ørsta/Volda no rettar alt fokus mot komande helg og kampen mot Bergsøy.