Første 5. minutt av kampen er det eit visst trykk frå heimelaget. Kristine Sætre kjem til eit innlegg som går bak mål. Opninga av kampen vert prega av tette duellar og mykje kriging på midtbana. Etter ca. eit kvarter får Volda to halvsjansar. Både Maria Muren og Sætre får nesten spelt igjennom Camilla Aure. Molde med litt meir ballinnehav etter kvart, men det er heimelaget som får neste sjanse. Etter 22. minutt vinn Tuva Eikås Hagen ball høgt i bana, Sætre er nære på å nå gjennomspelet framfor mål. Minuttet etter skot frå Molde som går utanfor. Begge lag kjem til avslutningar no, men utan at det vert dei store sjansane. Molde ligg relativt lågt og satsar på kontringar, med lange ballar opp mot spissen. Men felles for begge lag at det vert litt tynt med spelarar framfor motstandarens mål. Ein jamn første omgang endar 0–0.

Volda trykker på i andre omgang

Heimelaget må ha mål, og presser på for utteljing. I denne omgangen er det tydeleg at Molde satsar på eit poeng. Dei er defensivt organisert og bruker alle dødballar til å dra ned tempoet i kampen. Volda kjem til nokre innlegg, men det vert ikkje skikkeleg farleg før etter 57. minutt spelt. Fint angrep frå Volda, Aure stussar vidare til Sætre som får avslutta, men utan at ho får skikkeleg klem på skotet. Volda fortset å dominere, og Molde slår ballen langt vekk, men utan adresse og Volda kjem igjen og igjen. 77. minutt spelt då Muren vert felt utanfor 16-meteren. Vanja Eikrem skyt like til sides for målet på frisparket. Volda presser på og Molde sparkar ballen vekk, tidvis panikktilstandar i forsvaret til bortelaget. Heimelaget legg om til både 3 og 4 på topp mot slutten. Eikrem kjem til skot som går over mål. Dommaren legg til 4 minutt i andre omgang, og 2 minutt inn i tilleggstida vert kampen avgjort. Volda angrip igjen, Sofie Vassbotn får sendt ballen vidare til Voldas toppskårar Aure, som sikkert skyt ballen i mål! 1–0 til Volda, og det vert hektisk aktivitet på sidelinja frå begge lags trenarar. Molde må legge om frå ”alle” i forsvar til ”alle” i angrep, og motsett for Volda. Heimelaget held stand siste minutta, og kan sleppe jubelen laus etter ei høgdramatisk avslutning der bortelaget var i 2. divisjon heilt til det stod att 2. minutt av kampen. Dermed 3–3 samanlagt, og Volda rykkjer opp i 2. divisjon på bortemålsregelen.

Opprykk og KM tittel

Trenar Jens Dankertsen er strålande fornøgd med gjennomføringa av kampen.

– Vi visste det ville verte tøft, men hadde eit godt utgangspunkt med to skora mål på bortebane. Heldigvis kom også målet vi trengde til slutt, seier Dankertsen. Volda klarte dermed opprykk på direkten, etter nedrykket i fjor, og er også kretsmeistrar. Og enda er det inne KM igjen i november

Volda

Frida Eikås Hagen, Ella Vassbotn, Pernille Egset, Sofie Vassbotn, Maria Garnes Rafteset, Gina Brøste Rundtom, Guro Båtevik (Vanja Eikrem 76. min.), Tuva Eikås Hagen, Maria Muren, Kristine Sætre, Camilla Aure. Ubenytta spelarar: Idun Osdal, Ingrid Vikan Bø, Vilde Kristiansen, Katrine Bjørneset.