Desse spelarane har spela i lag i mange år. Då dei ulike årskulla på Vartdalsstranda er ujamne med mengd aktive jenter har det derfor vorte at dei fleste av desse har fått spele i lag omtrent sidan dei starta fotballkarrieren si.

Etter sesongslutt i fjor såg det ut som vi ikkje skulle greie å få i hop eit lag til årets sesong. Nokre ville gje seg, nokre vart overårige, og vi stod utan trenar.

Eit tap som svei

Som sesongavslutning så reiste på Dahle-cup i Kristiansund. Vi reiste dit utan trenar, starta med eit stortap mot Herd, og i garderoben var jentene samstemde om at «kvifor i alle dagar reiste vi hit?, vi vil heim!». Eg fekk heldigvis fatt i Herd-trenaren som roa oss ned med at det var ikkje vi som var dårlege det var dei som var veldig gode, så vi gløymde denne kampen og førebudde oss mot neste kamp.

Vi vann dei neste to kampane, kom til sluttspelet og gjorde det kjempebra! Dette gav «ny giv» i laget og når vi fekk spørsmål om vi ville vere med på Futsal-KM var alle klare for det.

Norway Cup lokkar

Heldigvis greidde vi å kapre J14-trenar Per Olav som sporty tok jobben med å vere med dit. Der også gjorde vi det bra, så då var det berre å leite fram ei «gulrot» for å få dei til å satse mot årets sesong: nemleg deltaking i Norway Cup i år.

Før jul fekk vi ein førespurnad frå Ørsta IL om vi ville vere med på eit samarbeidslag saman med dei. Dette var aktuelt dersom vi ikkje hadde nok spelarar sjølve, men jentene såg helst dei greidde å stille lag åleine for å sleppe å reise til Ørsta på trening.

Hatar å tape

Men i januar stod vi framleis utan trenar og påmeldingsfristen var like rundt hjørnet. Vi kalla inn til foreldremøte, og der tok Per Olav Romestrand heldigvis på seg trenarjobben. Alle som kjenner Per Olav veit at han er «verdas dårlegaste tapar», og dette formidlar han til jentene før kvar kamp slik at dei skal jobbe ekstra for å sleppe å oppleve ein sur trenar

Han er van med å trene gutelag som har ambisjonar, så det er ein overgang å trene jenter som synest det er like viktig med det sosiale som det sportslege. Han set krav til dei og det viser nok igjen på resultata også! Så prestasjonane heng nok også litt saman med den nye trenaren vår.

Første fotballaget i VD-hallen

Vi er også litt «historiske» då vi var første fotballaget som hadde trening i VD-hallen. Denne hallen er eit fantastisk løft for Vartdalstranda, og som Per Olav seier har nok desse halltreningane bidrege til at jentene har fått heva ferdigheitene sine og dermed spelt så bra.

I morgon reiser vi til Åheim og håper på nye 3 poeng, men keeper Hildegunn Brandal er vekk så det blir ekstra press på resten av laget då!

Siste veka i juli reiser både spelarar og foreldra til Norway Cup. Dette gler vi oss til, og Per Olav har gitt beskjed til foreldra at det er berre å ordne seg overnatting heile veka, for målet er å vinne! Lokale bedrifter har vore flinke å støtte oss til innkjøp av nye overtrekksdrakter i friske fargar, så vi reiser som eit anstendig team til Oslobygda og ikkje som «bønder på By’n».

Eg vil nytte høvet til å takke foreldregruppa til desse jentene. Dei er alltid positive og stiller opp som sjåførar, kioskvakter, dommarar og liknande når dei får spørsmål om det.

Til slutt vil eg ønske dykk lykke til vidare med sesongen jenter, dokke er toppers.

Kristin Woldsund – lagleiar