Fjerde juledag gjekk Julegranrennet på Lygna Skisenter av stabelen. I juniorklassa imponerte Ingvild Øye (Hovdebygda IL) i den fem kilometer lange løypa. Ho vann klassa si og gjekk i mål på tida 16.48. Denne tida hadde sikra Øye sigeren i seniorklassa for damer. Den klassa vann Hanne Tingelstad (Brandbu IF) på tida 17.42, 54 sekund bak tida til Øye. Ei god gjennomkøyring av den talentfulle langrennsløparen før fleire noregscuprenn og junior-NM ventar.