Åmdal kom på 2.-plass i 6. divisjon avdeling to denne sesongen, og tapte kvalifisering til opprykk mot Guard. Andre Dvergsdal var spelande trenar for laget denne sesongen, men gav beskjed om at han ikkje ville ha hovudansvaret komande sesong. No er det klart at Svein Erik Grevsnes vert hovudtrenar for Åmdal, og han får med seg Dvergsdal som assistenttrenar komande sesong.

– Vi har ein revansjesugen gjeng som føler at vi har noko meir å utrette, seier Grevsnes.

Denne sesongen hadde Åmdal ein stor spelartropp, og dei vonar å halde på spelarane komande sesong. Avdelingsoppsettet for 6. divisjon er ikkje klart endå, men Åmdal kjem i same avdeling som Vartdal.

– Eg har halde på så lenge med fotballen, og eg likte dårleg at eg skulle gje meg med ei dårleg kjensle etter førre sesong. Det vart slik då vi ikkje klarte å rykke opp på første eller andre forsøk. Vi skal ikkje sitte med ei kjensle neste sesong av å ha vore det beste laget, men at det ikkje vart opprykk, seier Grevsnes.