– Det var eit fyrverkeri av ein kamp. I 1. omgang mørna vi dei gjennom tøft og hardt spel tett opp mot grensa. I 2. omgang trakk midtbana seg litt ned, og med nokre få justeringar på rørslemønsteret køyrde vi fullstendig over dei. Dette var ein av topp tre kampane for Hovdebygda i år. Vi sat skapet på plass overfor Stordal. No har vi gjort jobben overfor Vartdal, og eg forventar at Åmdal gjer det same når dei møter Stordal, seier Hovdebygda-trenar Frode Tømmerbakk om 5-1-sigeren over Stordal onsdag.

Kjetil Kalvatn sendte vertane i føringa etter 32 minutt, og Kjetil Fosse dobla leiinga fem minutt seinare. Stordal reduserte ved Magnus Kaldhusdal rett før pause. Seks minutt ut i 2. omgang sendte Per Ole Egset av garde eit frispark i muren, og fekk ballen igjen i beina. Han fyrte av på nytt, og på returen styrte Robert Roseth inn 3-1-leiinga. Etter ein dødball skåra Fosse sitt andre for dagen, og sju minutt før full tid fastsette Tommy Urke Synnes sluttresultatet til 5–1. Ein fortent heimesiger.

Luka kan verte to poeng på laurdag

Luka mellom Stordal og Vartdal er framleis på fem poeng, men Stordal har ein kampe meir spelt. Vartdal møter Ørskog borte komande laurdag, og med siger vil det berre vere to poeng som skil laga i opprykkskampen. I tillegg til kampen mot Ørskog møter Vartdal Hasundgot brote og Ravn heime i dei to siste kampane, medan Stordal vitjar Åmdal laurdag og har Åram/VanKam borte i siste kamp.

Viktig bortesiger

Sæbø tok og tre svært viktige poeng borte mot MSIL onsdag. Vertane tok føringa i kampen etter 32 minutt ved Marius Brækkan. Fire minutt ut i 2. omgang utlikna Mats Riise for Sæbø og etter 64 minutt sendte Terje Haugen Øye Sæbø i føringa og fastsette sluttresultatet til 2-1. Sæbø har no 27 poeng, og slik tabellen i 3. divisjon ser ut no så har laget sikra ny kontrakt. Om Bergsøy også skulle gå ned frå 3. divisjon vil kampen stå mellom Sæbø og Åmdal. Med ein kamp meir spelt enn Åmdal er det fire poeng som skil laga.