Det seier Brann-trenar Lars Arne Nilsen om situasjonen då han tok over trenaransvaret i bergensklubben tidlegare i år. Førre veke vart det klart at Brann returnerer til eliteserien komande sesong.
– Opprykket var veldig herleg sjølvsagt. Hausten har vore lang, men vi har kjempa oss sakte, men sikkert oppover tabellen. Vi gjekk forbi Kristiansund og Sandnes Ulf på tabellen, og då Sogndal avgjorde for oss var det ei lette i heile klubben. Det var fantastisk herleg å få det i boks.
Mentalt slitne
Den tidlegare Volda-, Ørsta- og Hødd-trenaren hadde ei stor oppgåve føre seg då han takka ja til å ta over Brann, og mange ting å ta tak i.
– Vi har jobba veldig hardt, og det er mange ting å peike på. Først og fremst var det ei veldig mentalt sliten gruppe som hadde opplevd motgang i nesten to år. Det vart nedrykk og dei hadde blitt grisebanka, og at dei var mentalt slitne var hovudproblemet. Vi måtte byrje å snu den trenden. Det hadde nesten blitt ein vane å tape fotballkampar, og vi var rett og slett nøydde til å vinne kampar for å få energien tilbake. Då eg kom inn var Brann berre fire poeng frå nedrykk, og sju poeng bak Hødd som låg på kvalifiseringsplass. Det var større fare for nedrykk enn opprykk. Vi hadde von om å klare ein kvalifiseringsplass. Det var eit kortsiktig mål slik at vi tok ned litt av presset på gutane, og at dei såg at det var mogleg å få til.
Sidan Nilsen skreiv under for Brann 29. mai i år har laget plukka jamt med poeng og berre tapt to kampar i serien. Nilsen har kontrakt ut årets sesong, men mange vil at han skal halde fram i jobben.– Det har vi berre valt å legge på is, og det er noko som fører til mykje energilekkasje. Vi har prøvd å bruke all energien på å få Brann tilbake i eliteserien. Forhandlingar får vi ta når sesongen er over, og det har eg ikkje noko problem med. Lysta til å halde fram er der sjølvsagt.
Topp motiverte
Då Nilsen vart tilsett i Brann rosa han mottakinga i klubben.
– Det var litt slik som i Hødd, og eg merka fort at der var mykje gode, dyktige og bra folk. Det var ein føresetnad for meg i ein ny klubb som Brann at viss folk ikkje jobba bra og saman med meg, så hadde eg ikkje ein sjanse. Både trenarteamet og leiinga har vore topp motiverte, og på den måten kan eg samanlikne det litt med Hødd. Dei er villige til å gjere kva som helst for å lukkast, og det er veldig motiverande og jobbe i lag.
– Er den stallen du rår over i dag god nok for å etablere seg i eliteserien?
– Det skjer alltid noko i ein klubb ved eit opprykk. Vi har ein tøff jobb føre oss, og klubben har økonomisk tøffe vilkår. Vi må jobbe veldig hardt, og forventningane i Bergen er dei same unnsett kva rammene er. Vi skal gå på med krumma nakke, sjå på spelarstallen og logistikken, trene mykje og rett.
– Hødd står meg nær
Før årets sesong i 1. divisjon er ferdig står det att ein kamp, nemleg heime mot gamleklubben Hødd på søndag. For å sikre kvalifiseringsplass treng truleg Hødd poeng i Bergen, og Nilsen har grua seg litt til dette oppgjeret.
– Heile hausten har eg sett føre meg at dette kan verte ein vere eller ikkje vere-kamp. Eg har kvidd meg litt til kampen, men det har ikkje vore eit problem å ta den. No gler eg meg. Festen er ferdig for vår del og vi skal avslutte sesongen. Det er herleg å sleppe å gå inn i kampen mot Hødd og måtte ha poeng. Hødd er ein klubb som står meg nær. Eg hadde ikkje lyst til å møte dei der vi måtte ha poeng. No er dei som må ha poeng, og vi ynskjer å avslutte på ein skikkeleg måte.