– Berre å samle inn ti tusen kroner er mykje pengar i dag. Å få fem hundre tusen kroner gir oss ein fantastisk start. Eg er mållaus, sa økonomisk leiar for Mørehall-prosjektet, Tor Hallaråker då Ketil Jarl Halse frå Gjensidigestiftinga avslørte nyheita om pengegåva.

Samfunnsnyttige prosjekt

Gjensidigestiftinga har som tradisjon å dele ut pengar til gode og samfunnsnyttige prosjekt, særleg når dei er dugnadsbaserte og kjem born og unge til gode.

For VTI Fotball låg alle kriterium til rette, noko som resulterte i ei usedvanleg stor gåve.

– Det er ikkje ofte vi gir så store summar som det vart søkt om her. Dei fleste summane vi gir er under fem hundre tusen. Men dette er eit svært anlegg og ei stor investering, sa Halse.

Klar til 17. mai

Arbeidet med bygging av Mørehallen er i full gang. Opninga skal skje 17. mai 2014.

Når Mørehallen står ferdig, vil Volda stadion ha til saman tre kunstgrasbaner og ei grusbane.

– Eg hugsar tilbake på 70-talet då vi spelte med ispiggar. Det var den eine sklitaklinga etter den andre. For ei utvikling det har vore. Å kunne tilby slike fasilitetar til dei som veks opp er heilt fantastisk, sa Hallaråker.

Det er ikkje første gongen Gjensidige-stiftinga har gitt pengar til området ved stadion. For fire år sidan fekk dei middel til å montere fleire gatelys langs den mørklagde vegen.

VTI Fotball har i dag mellom 400 og 450 aktive medlemmer. Klubben har også ein viktig funksjon for integreringa blant born i Volda, med spelarar frå heile seksten ulike nasjonar i sving på banene kvar einaste veke.