I første omgang sleit Ørsta med å kome til store sjansar. Faktisk var det Norborg som hadde dei fyrste store sjansane. Ein gong var ein Norborg-spelar åleine igjennom, og ein gong gjekk ballen i tverrliggjaren frå kort hald.

Den fyrste store sjansen til Ørsta kom ein halvtime ut i kampen, då Robert Steinnes sende av garde eit sleivskot - som duppa ned bak Norborg-målvakta og i tverrliggjaren.

Ved pause var stillinga 0-0.

Andre omgang vart berre Ørsta sin.

Seks minutt ut i omgangen kom Terje Rebbestad seg laus på kanten, skar inn, og skaut i krysset. 1-0 til Ørsta.

Ørsta produserte fine angrep, og var flinke til å kome rundt på kantane. Dette gav mange mulegheiter, og også hjørnespark.

Tord Are Rudi laga 2-0 etter eit slikt hjørnespark. Han sete ballen i mål etter litt klabb og babb i feltet.

Etter tjue minutt vart det 3-0. Cato Steinnes fann  Mats Øvrebotten, og han skaut ballen i mål nede i hjørnet.

Henrik Gjengaard kom inn for Ørsta då det var ti minutt att. Han markerte seg straks, og laga 4-0 då han sette ein frisparkretur i mål.

Han hadde også sjansen til å lage sitt andre mål, men åleine framfor mål sette han ballen utanfor.

Ørsta er no det mestskårande laget i fjerde divisjon. Terje Rebbestad og Mats Øvrebotten er i form, og når laget også torer å kome med flankane og indreløparane, vert det flust med sjansar og mykje mål.

Jørgen Winjevoll arbeidde godt på midtbana for Ørsta. Foto: Rune Sæbønes