Den islandske landslagsspelaren Rakel Sara Elvarsdóttir har signert 2 årskontrakt med Volda handball. Det melder Volda handball på sine heimesider.

Ho kjem frå klubben KA/Þór på Akureyri. Der vart ho seriemeister i 2020/2021-sesongen. Denne sesongen skåra ho 74 mål på 19 kampar.

– Rakel Sara er ein veldig spennande spelar og ein av dei største talenta som vi har på Island. Vi har trua på at ho saman med Ingvild Græsdal kjem til å vere eit sterkt par på høgrevingen neste sesong.

Græsdal har og skrive under ny kontrakt med eliteserielaget.